

En million i støtte til samhandling og inkludering
Og en million tusen takk til Sparebankstiftelsen SR-Bank!
3 juni 2025

Fra venstre: Gøran Moen (banksjef, SpareBank1 SR-Bank), Erik Løland (prosjektleder, Sparebankstiftlesen SR-Bank), Anne Mette Albert (koordinator, Idrettsrådet i Bergen), Lars Peder Vatshelle Bovim (Seksjonsleder, Energisenteret for barn og unge, Haukeland Universitetssjukehus), Elizabeth Grongan (koordinator, Idrettsrådet i Bergen), Malene Joensen (dagleg leiar, Malene Joensen), Vegard Sandven (koordinator, Energisenteret for barn og unge, Haukeland Universitetssjukehus), Teresa Gote (møteplassleiar, Knutepunktet), Helene Fraas (Rådgiver inkludering flerkulturelle, Vestland idrettskrets). Ikkje på bilde: Birte Barsnes Frøyd (Høgskulen på Vestlandet) og Ellen Eimhjellen Blom (Høgskulen på Vestlandet), Randi Marie Berntsen Farnes (Organisasjonssjef, Vestland Idrettskrets), Sandrino Arenas Knustad (Idrettsrådet i Bergen).
Den 3.juni fekk vi storfint besøk på Idrettens Hus i Bergen. Gjestane, Gøran Moen, Ellen Instefjord, Kjetil Skjæveland og Erik Løland, frå Sparebankstiftinga SR-bank hadde med ei svært fin gåve: Heile ein million kroner til prosjektet Aktivitetsguidar på tvers. Dette er svært gledeleg, endeleg kan vi kome i gang med eit prosjekt som vi i lang tid har draumt om å få gjennomføre.
Kva er Aktivitetsguidar på tvers?
Det herskar liten tvil om at deltaking i idrett er bra! Forsking viser at det gjev positive gevinstar for både individ og samfunn. Likevel er det nokre grupperbarn og unge som ikkje deltek i same grad som sine jamnaldrande. Ikkje fordi dei ikkje vil, men fordi dei møter på barrierar som gjer idrettsdeltaking vanskeleg. Heldigvis har fleire kloke hovud kome opp med ideen om ein Aktivitetsguide.
​
Ein Aktivitetsguideer ein person som støttar barn og unge med ulike behov inn i organisert idrettsaktivitet. Forenkla kan «Aktivitetsguide»-modellen forklarast i fire trinn:
-
Aktivitetsguiden blir kjent med barn/ungdom og familien, og kartlegg ønsker, behov og barrierar for idrettsdeltaking.
-
Aktivitetsguiden finn aktuelle aktivitetar i nærområdet til barnet/ungdommen og tek kontakt med aktuelle idrettslag, slik at dei kan møtast på ein god og trygg måte.
-
Aktivitetsguiden hjelp barnet/ungdommen og familien med oversikt over moglegheiter for praktisk hjelp (t.d. transport) og økonomisk hjelp (t.d. kontingent og utstyr). I tillegg jobbar ein å integrere føresette i idretten, bl.a. ved å formidle korleis idretten er bygd opp, kva forventningar der ligg til dugnadsarbeid og korleis føresette kan bidra.
-
Aktivitetsguide fylgjer barnet/ungdommen på trening 1-6 gonger, alt etter kva som trengs for at barnet/ungdommen skal bli trygg på treningsgruppa.
-
Dersom det er behov og trenar ønskjer, kan aktivitetsguiden kome med tips og råd om korleis barnet/ungdommen på best mogleg måte kan fylgjast opp på trening.
Kva er Aktivitetsguidar på tvers?
I Bergen finns det tre organisasjonar som nyttar Aktivitetsguidar – men i ulike former og retta mot ulike grupper av barn og unge:
-
Idrettsrådet i Bergen sine Aktivitetsguidar rettar seg i hovudsak mot barn og unge som har økonomiske, sosiale, kulturelle eller språklege barrierar for deltaking i idrett.
-
Vestland idrettskrets sine Aktivitetsguidar rettar seg i hovudsak mot barn og unge med innvandrarbakgrunn.
-
Haukeland Universitetssjukehus sine Energikonsulentar rettar seg mot barn og unge som er eller har vore pasientar på sjukehuset.
(Pst! Energikonsulentar kom til som eit Idrettsklynge Vest-prosjekt!)
Med midlane frå Sparebankstiftelsen SR-bank vil dei tre organisasjonane no samle krefter og utvikle ein felles modell for Aktivitetsguidar. Til dette arbeidet har ein fått med dyktige forskarar ved Høgskulen på Vestlandet. Målet er å lage ein modell som kan tilpassast og brukast over heile Noreg.
Kvifor ein felles modell?
Det er fleire grunnar til at ein har ønska å gå saman om å lage ein felles modell. Seksjonsleiar ved Energisenteret for barn og unge, Lars Peder Vatshelle Bovim forklarar:
​
«Det jo ikkje slik at eit barn eller ein ungdom nødvendigvis berre har ei barriere for å delta i fritidsaktivitetar – av og til kan det vere både helse og økonomi og språk – alt på ein gong. Og kva teneste er det då som er riktig for barnet? Mange av dei som henviser til oss synes det forståeleg nok er forvirrande med tre så like tenester. Og det er forvirrande for familiane også!»
​
Helene Fraas, rådgjevar inkludering Vestland Idrettskrets, legg til:
​
«Våre tre organisasjonar og tenester har ulike styrkar og kompetansar. Ved å gå saman kan vi utnytte kvarandre til å skape eit tilbod som held endå høgare kvalitet for dei barna og ungdommane som treng det. Dette er styrke i samspel! Og kanskje lærer vi noko av samarbeidet som vi kan nytte i andre prosjekt og inn mot andre målgrupper?»
​
Prosjektet skal gå over tre år, og det er ikkje tvil om at dei tre organisasjonane ser fram til å kome i gang. Koordinator for Aktivitetsguide i Bergen Idrettsråd, Elizabeth Grongan, fortel:
​
«Vi er ein fin gjeng med mykje erfaring og god kunnskap! Eg trur vi har mykje å lære av kvarandre, og eg trur at vi saman kan hjelpe fleire barn og ungdommar inn i gode, sosiale fellesskap. Eg ser fram til å starte på arbeidet!»
​
Prosjekteter forankra i møteplassen Knutepunktet. I denne møteplassen
samarbeidardeltakarane tatt på tvers av fag og organisasjonar for å fjerne barrierar som kan gjere at eit menneske med funksjonsvariasjon ikkje finn sin veg inn iorganisert eller uorganisert fysisk aktivitet og idrett.
​
«Aktivitetsguidar på tvers er dermed eit prosjekt som ligg midt i hjartet av det vi skal gjere i Knutepunktet – her jobbar vi både med samhandling på tvers på organisasjonsnivå, og vi jobbar med å redusere barrierar på individnivå.»
​
Det fortel Teresa Gote, som er møteplassleiar i Knutepunktet.
Vi ser fram til oss til å følgje dette viktige arbeidet, og ønsker lukke til med prosjektet!
Telefonnummer
41 42 09 29